Informasjon til bebuarane
11. desember 2020
HMS – sjekkliste har blitt tilsendt på epost. Sjekk alle punkta på lista.
Videokamera – er sett opp i alle kjellarane. Styret kan no sjekka kven som plasserer privat bos i kjellarane. Møblar, bos og andre private saker som vert plassert på burettslaget sin private eigedom, i kjellarar og utanfor boder i bodgangar, må fjerna dette. De får ein advarsel om å fjerna boset, viss ikkje, må de betala for fjerning. Er du oppteken av miljøet leverer du privat avfall hos BIR i Møllendalsveien.
Tjuveri – postpakkar er blitt stolne frå postkassestativa i blokkene i haust. Det er sikrast å henta pakkar på posten. Pass på at entrédøra di er låst når du er heime. Då unngår du besøk av ubedne gjester.
Altanane – det hender at regnet kjem inn over rullegardinene når det regnar og bles som verst. Pass på at glasdørene er lukka slik at det ikkje regnar inn på altanen.
Oppussing – respekter husreglane, – og naboane, når det gjeld tider for banking, boring og sliping. Hugs at du må rydda / vaska trappegang, heis og inngangsparti kvar dag under oppussinga.
Oppussing – endring av rom. Du må alltid søkja styret dersom du vil endra rominndelinga i andelen.
Fjernvarme – virkar ikkje radiatoren som den skal, meld frå til styret på telefon 918 33 010.
Røyking på altanane – ta hensyn til naboane dine. Me får ein del unødvendige klager på at sigarettoske, glør og sneipar kjem ned på altanen til naboen din. Bruk askebeger! Innhaldet i askebegeret skal i restavfallet, ikkje ned på gata.
Me ynskjer alle bebuarane ei god jul og eit godt, nytt år.
Styret